Størst folketilvekst i Flå.

Før Olav Thon har sett i gang sine prosjekt i Flå så er det likevel full fart i folketilveksten i kommunen og det er innflyttarar som står for veksten.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 21.08.2008 10:49

Før Olav Thon har sett i gang sine prosjekt i Flå så er det likevel full fart i folketilveksten i kommunen og det er innflyttarar som står for veksten.

Folketilveksten i Hallingdal er som resten i landet rekordstor. Sidan nyttår har folketalet i dalen auka med 108 personar slik at det ved utgangen av 2. kvartal(juni) var 20 072 personar busett i dalen.  Største auken er i FLå der det har auka med 36 personar, takka vera innflytting av 39, for Flå har fødselsunderskott på 3 i kvartal 2.  Også Gol aukar sterkt. Her er det 35 nye innbyggarar, 29 på grunn av tilflytting og 5 i fødselsoverskott.  Hol markerer seg også som sterk vekstkommune i denne perioden med ein auke på 22 personar og dei har stått for det meste sjølve  med eit fødselsoverskott på 14 personar - innflytting berre 8 personar. Hemsedal og Ål har også vekst:  Hemsedal med 3 innflyttarar meir enn utflytta og med eit fødselsoverskott på 5. Ål har fødselsunderskott på 7 men innflyttingsoverskott på 16.

Taparkommunen blir NEs med nedgang i folketalet på 2 grunna fødselsunderskott på 6 og berre 4 i innflyttingsoverskott.

Folketalet ved utgangen av juni er i følge SSB slik i dei einskilde kommunane:

FLÅ: 1010 + 36
NES: 3457 - 2
GOL: 4474 + 35
H.dal:1976 + 8
ÅL: 4695 + 9
HOL: 4460 + 22

FLeire tal på www.ssb.no

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS