Steling, slåssing og påkøyring.

Siste døgn i Halilngdal har vore roleg sett i forhold itl alle som er her, men noko ståk blir det fort.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 20.03.2008 18:26

Siste døgn i Halilngdal har vore roleg sett i forhold itl alle som er her, men noko ståk blir det fort.

På Gol vart to personar tauga inn av politiet, den eine på grunn av ordensforstyrrelsar den andre fordi han ikkje reagerte på ordre frå politiet.  Begge blir bøtelagt.

I Hemsedal vart det slåsskamp kl tre natt til torsdag. Det vart ein del nasablod og mindre skader - anmeldelse blir vurdert.

Ein kar stal eit par flasker vin frå ein restauranat i Hemsedal, men då politiet kom til staden, gjorde han fort opp for seg og betalte i tillegg ei bot.

Ved Einset i Sudndalen hindra feilparkerte bilar andre i å koma dit dei skulle. Saka vil kanskje få eit etterspel fordi det her kan dreie seg om køyring i utmark.

I Hemsedal vart ein parkert bil påkøyrt og den som køyre på, stakk. Vitner har sett kva som skjedde og det blir eit etterspel i saka.
Glatt føre førte til at ein politibil vart på køyrt bakanfrå i Skurdalen, Det vart berre minimale skader på bilane.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS