Arbeidsløysa opp i Hallingdal - ned i Buskerud.

Apriltala viser ein mindre oppgang i arbeidsløysa for Hallingdal sitt vedkomande og skil seg dermed ut frå trenden i fylket og landet.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 06.05.2005 12:47

Apriltala viser ein mindre oppgang i arbeidsløysa for Hallingdal sitt vedkomande og skil seg dermed ut frå trenden i fylket og landet.

Det er ingen dramatiske tal, og sjøl med ein mindre oppgang er Hallingdal den regionen i Buskerud med totalt sett lågst arbeidsløyse. Berre 1,4 % av arbeidsstyrken er ledig mens det i fylket er 2,8 % og i landet 3,6 %.  Oppgangen i forhold til mars er på 9 personar eller 5,7 %. Sett i forhold til april for eitt år sidan er det ein nedgang i Hallingdal på 3,7 % mens det i Buskerud er ein nedgang på 10 %.

For kommunane er tala slik:

Flå:8 arbeidslause - same som sist månad
Nes: 31 arbeidslause - 2 fleire
Gol: 38 arbeidslause - 4 fleire
Hemsedal: 17 arbeidslause - 3 fleire
Ål: 21 arbeidslause - 1 mindre
Hol: 39 arbeidslause - 5 fleire








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS