Tilbyr ekspressbuss Hallingdal - Oslo 3 gonger om dagen.

Dersom Regionrådet vil disponere dei tildelte 3,5 mill kronene til bussruter, kan Fjord 1 kjøre Hallingdal - Oslo 3 gonger om dagen - men dei har ikkje fått nokon respons enno.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 29.04.2005 21:13

Dersom Regionrådet vil disponere dei tildelte 3,5 mill kronene til bussruter, kan Fjord 1 kjøre Hallingdal - Oslo 3 gonger om dagen - men dei har ikkje fått nokon respons enno.

Disponent Jarle Molde seier til RH fredag at han er noko forundra over at det ikkje er komen noko  attendemelding på tilbodet deira som er sendt dei involverte ei god stund sidan. Med 3 ruter om dagen vil den fyrste vera i Oslo like over kl. 0900 og morgonen, og det vil også gå ei rute frå Oslo til Hallingdal om morgonen for blant anna å kunne plukke opp passasjerar frå ferjene som då har kome inn. Men så langt har Regionrådet berre satsa på tog, og Buskerud fylkes samferdselsavdeling stadfester overfor RH at dei har motteke tilbodet frå Fjord 1, men har følgd rådet frå Hallingdal om å prioritere Vøgne framfor buss. Dersom det ikkje blir semje med Ofotbanen om Vøgne, må ein ta tak i bussopplegget.  Molde er noko undrande til at politikarane ikkje prøver å få mest mogleg ut av dei kronene dei har fått til kollektivtrafikk i staden for å tvihalde på Vøgne.

Frå 1. mai stansar Hallingekspressen opp for alltid og 12. juni stoppar Vøgne så i sommar blir det verken tog eller buss om morgonen frå Hallingdal.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS