Kroksundalternativet aktuelt att.
Fleirtalet i Transportkomiteen på Stortinget vil ha ny utgreiing omkring det billegaste alternativet for Ringeriksbanen - Kroksundalternativet.
Fleirtalet består av Ap, Sp og SV og dei seier at dei ønsker trasevalet for Ringeriksbanen teke oppatt på nytt i samband med KS2 ( som er ei ny konsekvensanalyse) grunna at Åsaalternativet "hemmar" utviklinga av Hønefoss by, at traseen stort sett går i tunnel og ikkje der det bur folk. Fleirtalet meiner at det er viktig å få avklart dette for å kunne vidareføre prioriteringane a denne forkortinga av Bergensbanen i neste NTP. Fleirtalet ber om at Kroksundalternativet blir vurdert på nytt.
Dette betyr at Sp har fått eit anna syn på jordvernet som sist gjorde at dei gjekk for Åsaalternativet og Sv gjekk for det same på grunn av naturvernomsyn. Ny NTP skal vera ferdig greidd ut til neste år og vedtakast året etter og det er no god grunn til å vera optimistisk på vegner av Ringeriksbanen - kanskje den fyrste løyvinga blir gitt på budsjettet som skal vedtakast 100 år etter at den same banen opna??











