Vegvesenet stoppar ny Øyo overgang førebels.
Statens vegvesen er lite nøgd med det planforslaget som er lagt fram for å få bort Øyo overgangen og Bruslettoovergangen på Geilo.
Planforslaget har no vore ute på høyring og statens vegvesen har i alat 7 punkt dei er så sterkt usamde i at dei brukar stoppretten sin og reiser innsigelse som det heiter. Det betyr møter og kanskje mekling og nye planforslag. I tillegg er også Jernbaneverket skeptiske til ein del av løysingane, men dei har ikkje innsigelsar.
Vegvesenet er fyrst og fremst skeptisk til dei løysingane som er brukt for kryssutforming og kurvaturar som etter deira syn ikkje er innanfor dei normene som må følgjast. Den planlagte gangbrua ved Øyo er etter deira syn ikkje godt nok dokumentert når det gjeld konstruksjonen og heller ikkje tilpassa slik at alle kan bruke den - såkalla universell utforming.











