233 barn fekk hjelp av barnevernet i 2005.

Det er sterk auke i antal barn som blir teke hand om av barnevernet i Hallingdal. Unntaket er Nes - verst er det i Hemsedal med over tredobling sidan år 2002.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 30.08.2006 09:04

Illustrasjonsfoto
Det er sterk auke i antal barn som blir teke hand om av barnevernet i Hallingdal. Unntaket er Nes - verst er det i Hemsedal med over tredobling sidan år 2002.

Tal frå SSB viser at det i år 2005 var i alt 233 barn på diverse tiltak innanfor barnevernet i Hallingdal. De er ein auke på 57 barn eller 32 % frå 2002.  Hemsedal har ein eksplosiv auke - frå 7 barn på diverse tiltak i 2002 til 27 barn på det same i 2005.  Nes kommune har som einaste kommune eit mindre antal barn på tiltak innan barnevern i 2005 enn i2002. NEdgangen er på 14 barn eller 31 %.  Det var 45 i 2002 og 31 i 2005.

SEr ein på kvar kommune er endringane slik: Flå: 13 barn - auke sidan 2002 på 44 %. Nes: 31 barn - 31 % færre enn i 2002. Gol: 42 barn - auke på 5 (13,5 %) Hemsedal: 27. Auke på 20 (285%). Ål: 70 barn. Auke på 32 (84,2%). Hol 50 barn. Auke på 10 (25%)

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS