Kva skjuler snøfonnene og breane på Hallingskarvet?
Buskerud fylkeskommune vil seinsommaren 2013 gjennomføre ei kartlegging av snøfonner på Hallingskarvet som kan skjule minner frå tidleg jaktkultur.
Prosjektet Frossen fortid - jaktmark Hallingskarvet skal behandlast i hovudutvalet denne månaden og utviklingssjefen foreslår å løyve 200 000 kr til forprosjektet. I fjella i Oppland er det siste tiåret gjort veldig mange funn som sin konsekvens av at snøfonnene og breane har smelta meir enn normalt, og det same har skjedd med snøfonnene på Hallingskarvet, men der er det ikkje foreteke nokon registrering eller utgraving. Forprosjektet skal registrere og sikre områder som kan innehalde rester av jaktkulturen som har vore omkring og på Hallingskarvet, og antal lausfunn på og omkring skarvet indikerer at her vil vera mykje meir. Forprosjektet er tenkt gjennomført seinsommaren 2013 og avhengig av kva det måtte føre til, blir det teke høgde for å setja i gang større undersøkingar dei komande somrane. Fylkeskommunen ser store potensialer her for reiselivet. Les meir her: http://www.bfk.no/Politikk-1/Motekalender/Hovedutvalget-for-regionalutvikling-og-kultur/#moter/2013/526











