Hol idrettslag med jubileumsbok.
Hol idrettslags jubileumsbok er no klar for sal - og ei vakker og lesverdig bok har det vorte.
Boka er ført i pennen av Arne Skogheim, som etterkvart tek til å bli ein røynd forfattar av lokalhistorie. Denne gongen byggjer han vidare på det han skreiv til Hol idrettslags 75 års jubileum, og boka er vorten både ein lettlesen sogebok om eit lite, livskraftig idrettslag som kanskje har nådd lenger enn mange andre tilsvarande lag, og ei oppslagsbok for dei som vil vite meir om tal og statistikk. Mange bilder gjer boka ekstra lesverdig, og det er Jan Robert Wick som har vore bilderedaktør.
Boka blir å få kjøpt i Hol sparebank sine avdelingar i Hol og på Geilo, hjå Notabene og Libris,på Joker Hol og Coop Sunhov til den nette sum av 120 kr. Boka er trykt i godt 700 eks.
(Skrive av ein kanskje noko ugild Knut Medhus)











