Spelefilmopptak på Geilo?

Produksjonselskapet Paradox har planar om å spela inn store delar av den planlagte filmen \"Kraftidioten\" på Geilo.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 31.01.2012 18:57

Produksjonselskapet Paradox har planar om å spela inn store delar av den planlagte filmen \"Kraftidioten\" på Geilo.

Hans Petter Moland, kjent for filmar som Gymnaslærer Pedersen, Folk flest lever i Kina m.fl. har søkt HOl kommune om ei produksjonsstøtte på 2 millionar kroner  - resten av budsjettet på 27 millonar skal vera i orden.

Handlinga i filmen foregår for det aller meste på Geilo og i kommunen ellers og kan i følge produsentet gi mange muligheter for å profilere Geilo på ein god måte over tid. FIlmen handlar i korte trekk om ein person som er busett på Geilo. Han er maskinentrepenør og har brøytinga på Rv 7. Så endrar tilværet seg drastisk då han får beskjed om at sonen er funnen død i Oslo, og karen bestemmer seg for å hemne seg på dei han meiner har ansvaret - dermed blir det "gangsterkrig" som endar opp på Geilo.

Rådmannen gjer politikarane merksam på at det ikkje er så mange pengar på tiltaksbudsjettet og at det  å eventuelt tømme posten vil gå utover andre tiltak som har søkt og kjem til å søke om midlar. FOndet er i dag 1 880 000 kr. RÅdmannen gir politikarane 3 val.

1. Avkorta tilskott innanfor rammene til næringsfondet.
2. Avslag - for stort beløp og konsekvensane innvilging vil ha for andre næringar
3. Gi 2 mill i støtte. Då må saka til kommunestyret og midlar må finnast på andre postar.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS