Uavgjort!
Semifinalen i KVen veit mest mellom Nes 1 og Nedre Ål 2 vart ein thriller av dei sjeldne...........
![]() |
| Begge laga til finalen!!! |
Det viste seg alt etter få spørsmål at her ville bli kamp til siste poeng, laga følgde kvarandre alt frå starten. Dei veksla nok litt om leiinga i løpet av den timelange tevlinga, men når aller siste spørsmål var besvart, sto det nøyaktig same poengsum på både Nedre Ål 2 og Nes! Dermed var saka klar - begge laga kan ta til å trene for finalen som går 3. juni!
Neste semifinale er mellom Nedre Ål 1 og Hovet den 27. mai kl. 20.00. Kan det bli enno ein uavgjort???












