1. dags samling på skøytebanen.
Om lag 60 personar fann vegen til skøytebanen i Hol sundag for å sjå på Håvard og Christoffer, gå på skøyter sjøl, leike med ungane eller drikke gløgg og eta peparkaku!
![]() |
| Hols fremste aktive skøyteløparar med rekruttar! |
Det er meir sjeldan at Håvard og Christoffer frå trent saman no for tida då dei begge er opptekne med løp på kvar sin kant. Men denne juledagen klaffa det til, og i tillegg hadde Sigbjørn Veslegard, Hege Bøkko og Roger Reinton gode gjennomkøyringar.
På banen var det ellers godt med både born og voksne i alle aldrar og med alle ferdighetsnivå. Og klubbhuset fungerer som den gode møteplass for alle.
Onsdag og torsdag er det Norgescup for Christoffer og Roger i Vikingskipet.












