Ny miniatyrskytebane opna i Hol.
Hovet og Hol skyttarlag har no i eige ein heilt moderne miniatyrskytebane på klubbhuset til Hol idrettslag.
900 dugnadstimar frå medlemmer i skyttarlag og pistolklubb ligg bak som eigeinnsats for å få banen slik den no står fram med topp moderne elektroniske skiver og visning på storskjerm i opphaldsrommet. Finansieringa ellers er spelemidlar frå kommune og stat, og totalkostnaden er på om lag 500 000 kr.
Styreleiar i laget, Karsten Fossly fortel at banen er godt besøkt av både unge og vaksne skyttarar og banen er ein viktig arena både for rekruttering og som treningsbane for å halde formen oppe til dei store slaga på skytebanane omkring i landet på sommarstid.
Laurdag 12.11. er det ope hus og alle er velkomne.











