Rekordras i Calgary - ny juniorrekord av Håvard.

Det har vore testløp i Calgary fredag og her har det gått unna!
Sport
Knut Medhus
Publisert : 05.11.2005 10:02

Ny pers for Håvard på 500 m i Calgary
Det har vore testløp i Calgary fredag og her har det gått unna!

Verdscupen er om ei veke, og i dag har dei norske løparane gått testløp på 500 meteren og her vart det persar i mengder.
Fem av åtte menn sett ny pers, to av tre damer gjorde det same.

Ein av dei som senka persen på 500 m var Håvard Bøkko som no har pers på 36.65. Denne tida vil bli godkjent som norsk juniorrekord på distansen då løpet er registrert på vanleg vis melder Skøytesport. Seinare i helga er det testløp på 3000 m - og isen er glatt!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS