LM 2011: 3 gull og 6 bronse til Hallingdal.

Skøyteløparane frå Hol og Gol har gjort det skarpt i årets LM som gjekk i Stavanger og Henrik F Rukke kjem heim som trippelmester.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 13.02.2011 14:39

Trippelmester Henrik og klubbkamerat Kristian Reinton med 3 bronse t.h.
Skøyteløparane frå Hol og Gol har gjort det skarpt i årets LM som gjekk i Stavanger og Henrik F Rukke kjem heim som trippelmester.

Fyrste distansen 500 meter på laurdag vann Henrik Rukke med ny mesterskapsrekord for klassen, 40,60. Klubbkamerast Kristian S Reinton var berre 2 hundredelar frå sølvplassen. Bronsen vart hans på 41,76.

Hilde Brennhovd frå Gol gjorde sine saker framifrå og fekk bronse 13 års klassen for jenter.

Henrik kopierte bragden frå 500 meteren både på 1500 meteren laurdag og på 1000 meteren sundag. Det same gjorde både Kristian Reinton og Hilde M Brennhovd. Dermed vart det trippel LM tittel til Henrik F Rukke i 13 års klassen og tidene hans er blant 10 på topp i verdssammenheng i klassen. No ventar Viking Race i Heerenveen neste helg der han også får følge av Kristian S Reinton og Hilde M Brennhovd.

Deltakarane frå Hallingdal sette nye personlege rekordar alle som ein!

Alle resultata finn du her:  http://rogalandskoytekrets.no/landsmesterskapet-2011/resultatservice/

 

Hilde, Henrik og Kristian








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS