Skøyteavslutning og samling.

Skøytegruppa i Hol fekk storfint besøk til sesongavslutninga si.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 15.05.2007 15:41

Jublande glade unge skøyteløparar har fått sine premiar.
Skøytegruppa i Hol fekk storfint besøk til sesongavslutninga si.

Torsdagsløpa har i vinter samla om alg 100 store og små som har registert seg og alle desse fekk måndag ettermiddag sine velfortente diplomar eller premiar av bygdas store skøyteheltar, Håvard og Christoffer.

Dei to karane samt Hege Bøkko fekk også sine heidersbevis. I tråd med Håvard sitt utsagn til internasjonal presse i vinter om at det viktigaste var klubbrekordane, vart dei tildelt klubbrekordtrofe for sine nye klubbrekordar. Alle 3 hadde denne sesongen sett 3 nye klubbrekordar - den dei slit med å fikse er 1000 meter rekorden til Ådne, som enno også står som norsk rekord. I følge Håvard så er denne 1000 meteren noko av det råaste skøyteløp som er gått - men knekkast skal den! Fleire av klubbrekordane er samtidig verdsrekordar!!

Pølser, brus, kaffi og kaker vart det også slik det seg hør og bør på ei skøyteavslutning i ei av dei mest sukessrike skøytegruppene i Norge for tida.
Og landslaget reiste vidare til Hareide for rulleskøytetrening tysdag...........








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS