Geilogrend Vel fekk medhald - kommunalt vedtak oppheva.

Fylkesmannen i Buskerud har gitt klagaren Geilogrenda Vel medhald i klaga si på for sterk utnytting av eit område på Kikutkollen og no må saka oppatt på nytt i Hol kommune.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 04.01.2006 10:08

Fylkesmannen i Buskerud har gitt klagaren Geilogrenda Vel medhald i klaga si på for sterk utnytting av eit område på Kikutkollen og no må saka oppatt på nytt i Hol kommune.

Klaga gjekk i hovudsak på at vedtaket om å godkjenne bebyggelsesplanen for Geilo Fjelltun as er ugyldig då vedtaket i forhold til reguleringsplanen inneber ei endring av planformål og overskriding av utnyttingsgraden og tillatt etasjetall. THU i Hol lavviste klaga og dermed vart Fylkesmannen kobla inn i saka.

Fylkesmannen stiller seg undrande til at kommunen har avvist einskildklagarar fordi dei såg det slik at vedtaket som å godkjenne bebyggelsesplanenn ikkje fekk tilstrekkelege praktiske eller rettslege verknader for desse. Men då avvisingsvedtaket i kommunen ikkje er ein del av klaga, går fylkesmannen ikkje nærare inn på dette aspektet i denne omgang då klaga frå Geilogrenda Vel dekkjer dei andre klagene også.

Klagaren hadde klaga på at formålet er endra frå utleigehytter til fritidsbebyggelse. Her slår fylkesmannen fast at utleigehytter ikkje er nokon godkjent arealbrukskategori og har ingen betydning i reguleringssamanheng. Området er regulert til fritidsbebyggelse slår fylkesmannen fast.

Når det gjeld utnyttingsgraden så så slår fylkesmannen fast at bestemmelsen om maksimal utnyttingsgrad også gjeld kvar einskilt tomt og ikkje berre området totalt. Bebyggelsesplanen viser utnytting på frå 34,1 til 18,7 % mens reg.planen krev maks 20 % utnyttingsgrad. Dermed er denne overskridi for alle tomter med unntak av ei.

På bakgrunn av dette får klagaren fullt medhald i spørsmålet om utnyttingsgrad, og fylkesmannen slår fast at Hol kommune ikkje har heimel for vedtaket sitt. Dersom kommunen ønskjer å endre utnyttingsgraden må dette skje gjennom ei endring av reguleringsplanen. Det kommunale vedtaket blir oppheva.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS