Fjellregionen slår ring om Tine.

Politisk forum i fjellregionsamarbeidet har hatt møte og blant anna sendt eit brev til landbruksministeren der dei seir frå at fjellregionen treng mjøkesamvirket.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 11.03.2005 15:29

Politisk forum  i fjellregionsamarbeidet, som består av 7 fylker, har hatt møte og blant anna sendt eit brev til landbruksministeren der dei seier frå at fjellregionen treng mjølkesamvirket.

Brevet til landsbruksministeren frå Poltisk forum er slik:

FJELLREGIONEN TRENG MJØLKESAMVIRKET

Mjølkeprodusentane i utkantane er avhengige av at nokon vil kjøpe mjølka deira, og at det eksisterer ei solidarisk marknadsordning som gjer at dei får like mykje for mjølka som produsentar i sentrale strok. Det er grunn til å åtvare sterkt mot å la ei grov administrativ feilvurdering hjå Tine føre til at produsentsamvirket og marknadsordninga blir svekka.

Trass i at stadig meir av mjølkeproduksjonen dei seinare åra er blitt samla i sentrale jordbruksområde, er han framleis viktig for busetnaden, sysselsetjinga og kulturlandskapet i utkantkommunane. Stølsbruket i fjellregionen er heilt avhengig av at det er driftsgrunnlag for mjølkeproduksjon i bygdene. Men i desse områda er produsentane oftast små og mellomstore, og transportavstandane til meierianlegga er lange.

Konkurransen i mjølkemarknaden omfattar ikkje desse produsentane. Q-meieria etablerer seg berre i sentrale område der dei store mjølkeproduksjonsbruka ligg tett og transportkostnadene er lågast. Dermed kan dei by meir for mjølka enn Tine Norske Meierier, som har mottaksplikt i høve til alle produsentar, store og små, i dei inste fjordarmar og dei øvste fjellbygder.

Det er òg verdt å merkje seg at så langt har ikkje konkurransen i mjølkemarknaden gjeve eit større mangfald av produkt til forbrukarane. Q-meieria og Synnøve Finden har som strategi å nytte ut stordriftsføremonar knytte til produksjon og sal av konsummjølk og dei mest populære ostesortane. Satsinga på produkt med tradisjon, lokal forankring og spesielle kvalitetar er det framleis Tine som står for.

For dei mest sentrale landbrukspolitiske måla – busetnad, matvaretryggleik og kulturlandskap – er det Tines mange små og mellomstore mjølkebruk som er viktige; og for kommunane i fjellregionen er det avgjerande at desse bruka ikkje blir ofra for ein konkurranse som fyrst og fremst dei største og mest ressurssterke mjølkeprodusentane tener på.

Politisk forum i Fjellregionsamarbeidet sluttar seg til denne appellen til landbruks- og matministeren og til Stortingets næringskomité om at ikkje marknadsordninga for mjølk må bli svekka som ein følgje av tvisten mellom Tine og Ica. Det må heller ikkje gjerast vanskelegare for produsentsamvirket å oppfylle mottaksplikta si for alle leverandørane på like vilkår. Alle freistnader på å bruke denne saka til å fjerne berebjelkar i norsk landbrukspolitikk må avvisast.


Med helsing



Ivar Reinton
Leiar av Politisk forum










Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS