Set si lit til den nye regjeringa.
Ordførar Brekko skriv i si tilråding til kollegane i formannskapet at dei løfta den nye regjeringa har gitt om kommuneøkonomi kan redde Gol frå innstrammingar.....
Her er ordføraren sitt vurdering av budsjettet som no skal leggjast fram for politikarane i Gol til 1. gongs handsaming.
Administrasjonen si saksutgreiing og vurdering er basert på den avgåtte Bondevikregjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Saksutgreiinga syner at dersom dette statsbudsjettet hadde vorte vedteke på Stortinget ville me måtte fortsette med innstrammingar i tenestetilbodet i Gol, eller alternativt tyne marginane enda meir ved å redusere avsetningar osv.
Den nye regjeringa har gjennom Politisk plattform signalisert meir peng til kommunesektoren generelt, men me veit ikkje korleis det slår ut for Gol. Dersom ein generell vekst i kommunesektoren slår så positivt ut for oss som ein kan håpe, har me ein gyllen mogelegheit til å ta enda eit steg i retning av økonomisk trygg grunn under føtene. Det betingar at me fører ein nøktern politikk vidare.
Ut frå førebelse tal må ein kunne forvente at auken til Gol med den nye regjeringa sitt framlegg, blir så stor at me i alle fall kan fortsette med same driftsnivå som inneverande år.
Dersom auken skulle bli større vil det vera viktig å seta av ein buffer for å sikre tenestenivået mot svingningar i økonomien, f eks renteauke, eller andre uforutsette ting. Det vil også vera lurt å fortsette på den trenden me har starta opp med, ved å sette av frå drifta til seinare investeringar for på sikt redusere behovet for lån.
Politisk plattform for den nye regjeringa varslar også ei fleirårig opptrappingsplan for å rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren. Ordføraren trur det difor er lurt å ha is i magen og eventuelt vurdere å vente eit år eller to med å auke det generelle driftsnivået der det skulle vera ynskjeleg.











