Ber kommunane om å busetja fleire flyktningar.

IMI ber no kommunane i Hedmark, Oppland og Buskerud om å tenke langsiktig når det gjeld busetting av flyktningar
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 17.06.2013 15:43

 

IMI ber no kommunane i Hedmark, Oppland og Buskerud om å tenke langsiktig når det gjeld busetting av flyktningar

Kommunane i dei tre fylka har sagt ja til å busetja 948 personar i 2013 - det er 340 personar færre enn dei vart bedt om å busetja. IMDi ber dei busetja 1400 i 2014 og 1270 for kvart år i 2015 og 2016. Det er no 4 400 flyktningar i asylmottak som ventar på busetting, om lag 800 av desse er barn. Det er venta at talet vil vera ganske stabilt framover. Det er no fleire som fyller krava til opphald og søknadane blir behandla raskare. For kommunane i Hallingdal er ønsket frå IMDi slik: Fyrste talet viser folketalet i kommunen, så kjem anmodinga for 2014, så for 2015 og 2016.

Flå

1050

10

10

Nes

3435

10

10

Gol

4667

15

10

Hemsedal

2224

10

10

Ål

4761

15

10

Hol

4448

15

10

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS