Visit Hallingdal: Politikarane følgjer rådmannen.

Ordførar Odddvar Grøthe seier til RH at han og så langt han veit, alle politikarane i Hemsedal stiller seg bak rådmannens forslag om at Hemsedal ikkje skal gå med i Visit Hallingdal.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 14.06.2013 21:09

Ordførar Odddvar Grøthe seier til RH at han og så langt han veit, alle politikarane i Hemsedal stiller seg bak rådmannens forslag om at Hemsedal ikkje skal gå med i Visit Hallingdal.

Grøthe seier at Hemsedal turisttrafikklags styre og formannskapet hadde eit felles møte for ei stund sidan og var samde om at Hemsedal kommune også skulle stå utanfor det nye selskapet Visit Hallingdal slik turisttrafikklaget har bestemt seg for å gjera. Ein av grunnane til at dei tek dette standpunktet er at det har kome signal om at Hemsedal vil bli godteken som eit sjølstendig selskap også i den framtidige reiselivsstrukturen som departementet no legg opp til skal gjennomførast. Men ordføraren gjer dette med tungt hjarta og ser fram til at det blir ein eller annan form for samarbeid mellom HEmsedal og Hallingdal på reiselivsområdet lell, ikkje minst på sommar. Meir i fredagsmagasinet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS