LO og NHO med klare meldingar om Ringeriksbanen.
I går kom det klare beskjedar til Stortinget om kva LO og NHO meiner om Ringeriksbanen.
I går og i dag har LO og NHO sine sentrale representantar vore på høyring i Stortinget sin transportkomité om Nasjonal Transportplan. Dei har begge prioritert Ringeriksbanen høgt og har presentert formuleringar om raskare planframdrift og/ eller tidlegare byggestart. Til saman og kvar for seg er dette verdifulle bidrag for oss som kjempar for Bergensbanen og Ringeriksbanen. Det som er særleg positivt er at både LO og NHO har prioritert nokre få jernbaneprosjekt som dei løftar fram, og at Ringeriksbanen nettopp er eitt av desse få utvalte prosjekta.
Her er LO si formulering:
«LO mener det ikke er behov for en ny konseptutvalgsutredning for Ringeriksbanen, og mener at planlegging av dobbeltspor må starte i første del av plan perioden.»
NHO si formulering:
«Ringeriksbanen vil være med på å håndtere befolkningsvekst og økt transportetterspørsel på det sentrale Østlandet. Det er derfor viktig å sikre rask fremdrift i planleggingen av prosjektet. Banen prioriteres i siste seksårsperiode av NTP, men NHO mener regjeringen burde gått lenger i å fastsette dato for byggestart. Vi mener det bør være uttalt mål i forbindelse med behandling av meldingen at byggingen av banen igangsettes i 2018.»
Den vidare prosessen i komiteen
Transportkomiteen vil nå utarbeide merknader til stortingsmeldinga, og vi kan anta at dette arbeidet vil halde fram til om lag ut fyrste veka i juni. Etter å ha gjennomført møter med nokre av representantane og rådgivarane på Stortinget, kan vi i Forum Nye Bergensbanen slå fast at det absolutt er ein positiv prosess knytt til å få utarbeidd meir forpliktande merknader for raskare planlegging og byggestart for Ringeriksbanen i 2018. Men fasiten kjenner vi ikkje enda…
Beste helsing
John-Ragnar Aarset
Dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen











