Ingen skolestrukturendring i Hol.
Viss semja som kom fram på strategikonferansens siste dag står ved lag når budsjettet kjem til hausten blir det ingen endringar av skulestrukturen i Hol.
Mens det på konferansens fyrste dag var ein del klare meldingar om at strukturen i alle fall i Øystre Hol var klar for endring, var det i konklusjonstimen torsdag melding frå alle parti om at skulestrukturen blir uendra med atterhald om på Geilo der det går mot 1 til 10 skole. I staden for strukturendringar blir det no sett i gang eit større arbeid med leiingsproblematikken, bruk av ressursar m.m. Også barnehagestrukturen blir uendra kan det sjå ut til sjølv om LIen barnehage vart nemnt som mogleg kandidat til å bli nedlagt og det vart også nemnt på at foreldre i Hol er i ferd med å søke plass i den nye barnehagen på Geilo og utviklinga her vil bli følgd nøye. Konferansen er ikkje vedtaksorgan, men den har gitt administrasjonen ein del klare meldingar om vidare arbeid og prioriteringar - og ein del uklare signal i følge rådmannen. Sak for sak blir som alltid avgjort av kommunestyret i sin tur.











