Opnar for førehandsrøysting ved vidaregåande skuler.

Etter ein interpellasjon frå Ellen Mikkelrud Opsato vil ordføraren i Ål saman med valstyret opne opp for førehandsrøysting ved Ål vidaregåande skule.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 15.03.2013 08:42

Etter ein interpellasjon frå Ellen Mikkelrud Opsato vil ordføraren i Ål saman med valstyret opne opp for førehandsrøysting ved Ål vidaregåande skule.

Saka starta i fylkeskommunen der Helge Stiksrud frå Venstre tok opp saka - no kom den til Ål kommunestyre i form av eit spørsmål frå Venstres Ellen Mikkelrud Opsato som meinte dette var eit viktig tilfak for å auke valdeltakinga blant dei unge. Og ordføraren var samd og kjem til å sørge for at det blir slik., Det vart også opplyst under møtet at det same er i ferd med å koma på plass ved Gol vg.

Her er svaret frå ordførar Brevik:

Svar på spørsmål om førehandsrøysting ved Ål vidaregåande skule.

På spørsmålet frå Ellen Oppsato Mikkelrud om å få til ei ordning der ein opnar for førehandsrøysting ved Ål vidaregåande skule, vil ordføraren svare følgjande:

Avgjerda om dette kan gjerast, ligg til valstyret. Valstyret skal ha møte i april for å ta opp spørsmål som har med gjennomføringa av valet til hausten. Ordføraren vil i den samanhengen legge fram nemnte spørsmål frå  representanten Oppsato Mikkelrud med positiv innstilling om at forslaget vert gjennomført. Kostnadane vil etter ordføraren sitt syn verte små sidan valet kan gjennomførast  over nokon få timar i skuletida.

Så gjenstår å sjå om responsen svarar til forventningane. Dette vil me få svar på gjennom evalueringa av valet.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS