Hemsedal kommune leiger veksthusareal.
Dei tomme lokala til tidlegare Coop Trøym skal no bli veksthus og Hemsedal kommune bør leige meiner rådmannen
Fleire interessentar i HEmsedal har laga eit nytt selskap som dei kallar Hemsedal veksthus og dei skal halde til i dei tidlegare lokala til Coop Trøym. HEmsedal kommune har fått førespurnad om dei vil leige 125 m2 av desse lokala og rådmannen vurderer det som rett av kommunen å leige desse for 3 år framover til 200 000 kr pr år. På den måten vil kommunen blant anna kunne vera meir offensiv i næringspolitikken sin, dei kan leige lokala ut att og dermed få att noko av pengane sine, dei kan nytte lokala sjølve.
Dette er innstillinga til formannskapet om saka.
Hemsedal kommune er positive til å leige kontor av Hemsedal Veksthus som ledd i å utvikle veksthuset som ein base for kunnskapsbaserte verksemder. Aktuelt leigeforhold vert vurdert å vere ein oppstartshjelp for realisering og utvikling av Hemsedal Veksthus. Følgjande vilkår vert lagt til grunn;
1. Hemsedal kommune ønskjer å leige 125 kvm kontor inkl andel fellesareal i 3 år (2013-2015), med opsjon til å leige same/ eller eit mindre areal
2. Det vert føresett at kommunen står fritt til å nytte aktuelt møterom for aktiviteter med relevans til næringsarbeid (næringskonsulentmøter med etablerer, representasjonsmøter, eller om formannskapet ønskjer møter med næringslivet)
3. Hemsedal kommune øyremerker samla kr. 600.000,- tilsvarande kr. 200.000,-/ år frå næringsfondet til dekning av husleige og felleskostnadar, samt marknadsføring av veksthuset. Tilskotet vert dekkja over næringsfondet, 14700.3400.3252 der allereie avsetning jfr. F-sak 103/11 på kr. 300.000,- inngår i løyvinga. Restløyving vert innarbeida i økonomiplan.











