Nes vil ikkje vera med på auka låneramme.

Formannskapet i Nes tilrår kommunestyret til å gjera eit anna vedtak enn alle dei andre kommunestyra i saka om nye vedtekter for Hallingdal renovasjon og kan stoppe pågande arbeid i Kleivi.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 25.05.2012 16:24

Formannskapet i Nes tilrår kommunestyret til å gjera eit anna vedtak enn alle dei andre kommunestyra i saka om nye vedtekter for Hallingdal renovasjon og kan stoppe pågande arbeid i Kleivi.

Alle kommunestyra i Hallingdal behandlar no saka om ny selskapsavtale for Hallingdal renovasjon fordi Krødsherad kommune no skal inn som deleigar i selskapet. I den nye selskapsavtala er låneramma for selskapet sett til 80 millionar blant anna fordi at det no er i gang fullstendig renovering av anlegget fordi omnen og tilbehør er heilt nedslite etter 30 års drift. Alle kommunar må ha likelydande vedtak i slike saker og det blir lagt opp til at representantskapet i selskapet kan godkjenne låneopptak i staden for at låneopptak må til kvar kommune for godkjenning. Leiar i representantskapen Tor Egil Buøen seier til RH t dersom Nes står fast på formannskapets tilråding, kan konsekvensen bli at arbeidet med ny omn ved anlegget i KLeivi blir stoppa opp og dermed kjem ikkje anlegget i gang att som føresett tidleg i juli. Det må nye rundar til i kommunestyra for å få til låna som trengs. Nes kan også velja å melde seg ut og dermed ikkje vera med på å dekke sin del av låneansvaret men levere søpla på andre vilkår.
Formannskapsmedlem KJell Ålien seier til RH at formannskapet var veldig usikre på om det var behov for 80 millionar i låneramme og sette den til 55 som dei meinte var den gjelda dei hadde no., MEn dersom nærare undersøkingar viser at det må vera 80, reknar Ålien med at kommunestyret går for det slik som andre har gjort., Det er møte der 31. mai.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS