Gir opp Opsjøtippen.
Rådmannen i Ål tilrår at arbeidet med å klargera Opsjøtippen som industriområde blir avslutta.
Arbeidet med å planlegge området starta alti 2001på det området som då var kjøpt av nokre grunneigarar. Dei 3 attverande grunneigarane har det vore ført forhandlingar med, eksisterande næringsdrivande på området har vore med i arbeidet, men no trekker rådmannen den konklusjonen at arbeidet bør stoppe opp. Etablering av infrastruktur til området vil bli svært kostbar og det er ingen kø av næringsaktørar med konsept som er tilpassa Opsjøtipplanen. TIlrådinga til politikarane er å seia stopp i vidare arbeid med infrastruktur og at private aktørar som måtte ønske det kan ta over arbeidet med etablering av infrastruktur i samsvar med regplanen på eiga rekning.











