Berre Høgre imot.
Sektorutvalet i Ål vil at folk skal få meine noko om slektskapsparagfaren skal endrast eller ikkje - HØgre markerte nei alt no.
Rådmannen hadde tilrådd at slektskapsunntaket skulle opphevast, men fyrst skulle saka ut på ei høyring. Det var fleirtalet i STNR samde med rådmannen i, men Høgre markerte alt no at dei var i mot ei slik endring og ville heller ikkje ha saka ut på høyring.
Slik vart vedtaket.
Rådmannens framlegg vart tilrådd med 6 røyster (2 V, 2 SP, 1 AP og 1 KrF)
- - -
Mindretalet på 1 røysta for følgjande framlegg frå Knut Haug (H):
Ål kommunestyre ynskjer ikkje å utvida kravet om konsesjon for nære slektningar og ubygde
bustadtomter og bustader under oppføring som omtala i saksutgreiinga











