Fylkesmannen gir seg.
Fylkesmannen har gitt seg og trekker attende innsigelsen sin mot planene til Dagali handel.
Innehavarane av Dagali handel har i lang tid arbeidd med å få bygd om butikken og ha leiligheter i same bygget. Dette har møtt sterk motstand blant anna hjå fylkesmannens miljøvernavdeling på grunn av støykrava. HOl kommune hadde foreslått ei formulering for å imøtekoma fylkesmannens krav, denne godtok ikkje fylkesmannen, men han kjem med eit anna forslag som gjer at han trekker innsigelsen sin viss det han vil ha inn blir teken med i planbestemmelsane. Han krev at nødvendige støytiltak blir innarbeidd i planen og at det blir sett krav om at dei må vera i orden før bygg kan takast i bruk - blir dette gjort, er innsigelsen borte.











