1,75 mill til Vøgne i revidert.
Torild Skogsholm, statsråd for samferdselsaker, har halvert den lovde støtta frå staten til Vøgne og overlet heile ansvaret til fylkeskommunen.
Det er tidlegare lovd 3,5 mill frå staten til kjøp av "Vøgne" og som kjent er Ofotbanen inne med relativt rimeleg tilbod på rundt 5 mill. I revidert budsjett som vart lagt fram fredag, går det fram at det blir overført 1,75 mill til Buskerud fylke som tilskot til kjøp av Vøgne og at fylket skal ha ansvaret for drift av dette toget.
Sigrun Eng, (Ap) som sit i samferdselskomiteen, reagerer sterkt på det som her blir gjort og meiner departementet juksar med tall og fører ansvar over til fylkeskommunen utan at det prinsippet er drøfta i Stortinget. Det blir ikkje lettare å få Vøgne på skinner etter dette uspelelet, mener Sigrun Eng.
Fylkesordførar Tor Ottar Karlsen har ikkje vore å få tak i så langt fredag.
Ordførar Torleif Dalseide understrekar overfor Radio Hallingdal at han ser på dei løyvde 1,75 mill som ein del av dei lovde 3,5 mill og at resten kjem i statsbudsjettet til hausten.











