Kor viktig er skjenketida i skianlegga?
Hol kommunestyre fekk ein relativt omfattande alkoholdebatt på grunnlag av ein e-post som tikka inn til møtet.
E-posten frå styret i Geilo skisenter var ei oppfølging av ei sak som formannskapet hadde hatt og tilrådd overfor kommunestyret å halde fast på noverande skjenktider i skiheisene - frå kl. 1500 med opning for at det nye kommunestyret skulle vurdere endringar.
Dette ba skiheisstyret om vart endra slik at dei kunne koma på line med konkurrerande destinasjonar når det galdt skjeketider i skiheisane, og i kommunetyret støtta Frp dette. Dei ville ha ei rask vurdering og høyring slik at saka kom oppatt så fort som råd, men fleirtalet samla seg heller om Frp sitt sekundære forslag om å setja ned ei ad hoc gruppe som skulle vurdere endringar for så å koma attende med det til augustmøtet.
Debatten viste at det var tildels mange som var skeptiske til ei utviding av skjenketida på dette tidspunkt - så vil augustmøtet vise om det blir endringar.
Høyr debatten i reprise fredag frå kl. 0900











