Byggeforbud i Havsdalen.

THU i Hol har innført byggeforbud i Havsdalen for området T1 inntil Bardølaundergangen er utbetra.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 19.04.2007 16:05

THU i Hol har innført byggeforbud i Havsdalen for området H/T1 inntil Bardølaundergangen er utbetra.

Det har i lengre tid vore klaga frå bebuarar langs Timrehaugvegen på tungtransporten gjennom området av store lastebilar som skal til Havsdalen. Samstundes har det vore klaga frå utbyggarar på framsida av Geilohovda som ikkje kjem i gang fordi dei blir stoppa av at Geilogutu ikkje er utbygd slik Statens vegvesen har kravd.
I møtet torsdag vedtok THU å innføre byggestopp i Havsdalsområdet inntil høgda på Bardølaundergangen er auka til 4 meter slik at store lastebilar kan køyre denne vegen og ikkje Timrehaugvegen. Samstundes blir det innført øyeblikkeleg akseltrykkrestriksjonar i Timrehaugvegen på grunn av teleløysing som gjer at det blir stopp for trailertrafikk på denne vegen.
Utbyggarane i Havsdalen har lovd å ha ferdig Bardølaundergangen til 1. juni 07, og kommunen vart no bedt av THU om å få avtale om denne bygginga på plass.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS