Ingen nye hyttetomter på Geilo.
Kommuneplanutvalet i Hol skal i dag ta stilling til mange spørsmål om framtidig utnytting av areala i og omkring Geilo - og admin. ser ikkje for seg fleire hyttetomter på Geilo dei næraste 4 åra med unntak av i Ustedalen.
Administrasjonen har gått grundig gjennom alle dei 80 innspela som er komne som ein del av høyringa, og når det gjeld ønskje om fleire hyttetomter, så varierer dei frå områder på over 1000 mål til nokre få utfyllingstomter samt omregulering slik at det kan byggjast fritidsbustader der det i dag er regulert til næring.
Det er ikkje tilrådd at det blir godkjent noko nytt areal til fritidsbebyggelse i og omkring Geilo. Det skuldast fyrst og fremst at det etter admin si meining er nok og at det i eit tidlegare vedtak i KPU er slege fast at det ikkje skulle leggjast ut større nye areal til denne bruken. Admin vurderer likevel eit område i Ustedalen som interessant å arbeide vidare med då det her er eit større felles innspel som også tek omsyn til mange andre verdiar.
Når det gjeld framtidige alpinområder, tilrår admin at området i Vestlia blir utvida enno meir mot vest med åsryggen som grense. Dei er derimot meir skeptisk til at det også skal opnast for vidare utbygging av fritidsbustadar i det same området.
Den mykje omtalte tverrforbindelsen på Geilo blir vurdert til å vera for laust fundert pr no og admin rår til at både forslaget om tverrforbindelse, skiheis, alpinnedfart og parkeringsområde som er foreslått av Geilo skiheiser, blir teke med i neste revisjon av kommunedelplanen for Geilo.
Når det gjeld framtidige bustadområder, meiner admin at 3 av dei 6 innspela bør avvisast fordi det er for store konflikter knytta til desse: Det gjeld eit bustadområde i Vestlia, eit i nærleiken av idrettsanlegget og eit ved Geilo jernvarefabrikk. Det blir tilrådd å gå vidare med ei tomt ved Fossgård, eit bustadområde ved Verpe og eit område i Lien.
Kommuneplanutvalet vedtok i møtet sitt måndag og utsetja problematikken omkring hyttetomter m.m. til eit ekstramøte torsdag 26. april før kommunestyremøtet.











