Glattare enn mange trur!
Vegane torsdag vart etterkvart tildels svært glatte med ei tynn ishinne under lett nysnø. I Hellingane i Hol fekk ein større lastebil merke det.
![]() |
| Hjelpelaus utan Falken............ |
Hellingane er bratte, og med fullasta bil i tillegg utan kjettingar gjekk det gale då farten måtte ned på grunn av møtande bil. Resultatet vart eit besøk i grøfta, heldigvis på beste sida av vegen, men berre få centimeter frå eit fordelingsskap til Hallingdal kraftnett. Nærare besøk der av bilen hadde kanskje lagt store deler av bygda i mørke ei stund.
Falken frå Gol var raskt på pletten og i løpet av kort tid var bilen trygt oppe - og kjørde vidare med kjettingar!












