"Omfattande svart økonomi i Hemsdal"

Representanten Martin Lindahl, SV, vekte ein viss oppsikt i dagens kommunestyremøte i Hemsedal då han hevda at økonomien i Hemsedal er prega av svart farge.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 21.12.2005 13:19

Representanten Martin Lindahl, SV, vekte ein viss oppsikt i dagens kommunestyremøte i Hemsedal då han hevda at økonomien i Hemsedal er prega av svart farge.

Lindahl sa i debatten om eigendomsskatten at det er ein omfattande svart økonomi i Hemsedal, det var berre å konstatere at slik var det. Det ville ikkje ODd Holde frå Høgre vera med på, og sa at slike utsagn var beklageleg og ikkje burde koma i eit kommunestyre og dei måtte i alle fall dokumentarast.  Lindahl repliser at det er eit faktum alle er samde om at det er mykje svart økonomi i Norge og han meinte at den ikkje var noko mindre i Hemsedal. Ordføraren runda det heile av med å streka under at dei uttalene ein representant kjem med, må stå for vedkomande ei eiga rekning!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS