30 tonn Hallingskarvet pinnekjøtt.

Hallingskarvet produkter opplever makalaus vekst ikkje minst innan pinnekjøtt som dei starta med i fjor.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 02.12.2005 21:40

Foto: Gilde no.

Hallingskarvet produkter opplever makalaus vekst ikkje minst innan pinnekjøtt som dei starta med i fjor

Fyrste året med Hallingskarvet pinnekjøtt vart det produsert 12 tonn av det eksklusive produktet, i år blir det produsert 30 tonn. Det meste går til forretningar som dekkjer dei litt meir kresne strøk av Oslo. Dette pinnekjøttet blir laga av dei beste lamma, er urøykt og mørare enn vanleg pinnekjøtt.

Samla produksjon av Hallingskarvprodukt i år vil ligge på 150 tonn ogdet har vore jamn vekst kvart år seier disponent Torleif Bjella til RH. Målet førebels er å produsere 300 tonn av denne merkevara, og litt på sikt så skal den utanlandske marknaden prøvast! Gourmetbutikkar i Frankrike og England ventar!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS