Klart for Hallingbussen.

Måndag kjører Hallingbussen inn på plattform 11 ved Oslo bussterminal - forhåpentlegvis godt fyllt opp med passasjerar frå Hallingdal
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 12.08.2005 15:50

Jarle Molde i Fjord 1 viser stolt fram dei 2 nye bussane.
Måndag kjører Hallingbussen inn på plattform 11 ved Oslo bussterminal - forhåpentlegvis godt fyllt opp med passasjerar frå Hallingdal

Hallingdal billag, som er ein del av Fjord 1 konsernet, har investert i 2 flunkande nye bussar i toppklassen for å best mogleg tilfredsstille dei reisande hallingane og andre som kjem til å bruke den nye Hallingbussen. Bussane har ein prislapp på godt 2 millionar kvar, og er topp moderne på alle vis. Det blir tilbod til passasjerane om gratis lokalavis dei dagane den er ute, det blir kaffi og annan drikke og setekomforten er det ikkje noko å seia på.

Hallingdal billag kom inn i bildet midt i juli då det etterkvart vart klart at det ikkje ville vera klar nokon avtale om nytt regiontog før nyttår. På svært kort tid har dei kome fram til avtale med fylkeskommunen om drift av Hallingbussen fram til nyttår,og Jarle Molde vonar sjølsagt av denne korte perioden kan bli forlenga slik at busstlbodet kan halde fram i utvida form etter nyttår. Men politikarar og admin i region og fylke har sagt tog fyrst og fremst, men her står att å bli samde..

Eit snittbelegg på 15 personar er målet for Hallingbussen, som er på vegen frå måndag.
Prisen Geilo  - Oslo ligg på om lag 350 kr og det er rabattar for studentar, grupper, pensjonistar. Interessa for ruta har vore stor på førehand - så står det att å bruke den!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS