Leveld vann!
Dei tre gutane frå Leveld skule vart for sterke for dei tre jentene frå Holet skole i KVM tysdag kveld.
![]() |
| Vinnarlaget: Halvor Skrindo, Ola Alex Tvedt, Erling Espegard. |
Tysdagens tevling var nr to i årets runde. Laga frå Holet og Leveld skuler starta godt begge to og hadde uavgjort resultat etter 3 spørsmål, men så glapp det litt for holingslaget og det forspranget Leveld fekk då, klarte laget frå Hol aldri å ta att sjøl om dei sanka ein god del poeng etter pausa. Dermed var det gutane frå Leveld som sikra seg avansement i årets tevling med poengsummen 33 mot Hol 20.
Neste runde er 16. november der Gol 1 møter Nes 2.

Holet skole: Lena Alver, Synne Lysåker, Kristine Skogheim og Viel Bjørnsdotter Halland












