Skogsholm: Skaff 7 mill til måndag og Vøgne går!
Møtet i Oslo omkring Vøgne er nettopp avslutta og håpet for vidare drift av Vøgne er ikkje vorte større etter dagens møte!
Jan Halvard Brekko, samferdselspolitisk talsmann for Hallingdal har vore på møtet og han seier til RH at møtet ikkje var nokon god oppleving. Statsråden hadde ikkje eitt øre meir å by på, NSB hadde rekna og rekna og gått ned frå 12 til 10,5 mill for kjøre Vøgne. Dei resterande 7 mill må Hallingdal og Buskerud fylke spleise på og dei har frist til måndag med å få dei på plass!
Brekko seier at han sjølsagt ikkje kan svara for noko som helst når det gjeld slike summar,men alle ordførarane blir kontakta i løpet av helga, men det er vel liten grunn til å tru at kva kommune i snitt kan spa opp dei pengane som trengs i og med innskrenkingar og nedleggingar over det heile.
Buskerud Fylke syns gapet for stort og det er derfor grunn til å tru at også dei stiller seg negativ.











