Klart for "Den flyvende jomfru"

På Geilo samfunnshus blir det i desse dagar lagt siste hand på ein farse i spansk flue stil - premieren er 18. mars.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 11.03.2010 15:27

På Geilo samfunnshus blir det i desse dagar lagt siste hand på ein farse i spansk flue stil - premieren er 18. mars.

Farsen hentar sitt miljø og sine intrigar frå Kristiania omlag 1915. Ein velståande sjokoladegrossist står sentralt i det heile - han han sansen for meir søtt og velsmakande enn sjokolade også, og det får jo ein del følger i ein familie som vil vera svært så moralsk, men som gjennom ulike forviklingar og ein litt for ivrig privatdetektiv ikkje gjer det heile så serleg enkelt for kvarandre.  Her er mange gode replikkar, god situasjonskomikk og gode skodespelarprestasjonar, ikkje minst ved Skogheimsystrene som i seg sjøl er forestillinga verdt.

Premieren er 18. mars. Så er det forstillingar 19. og 20 mars og 25. og 26. ,ars - alle på GEilo samfunnshus. Billettpris er 150 for vaksne og 75 for barn og du kjøper billettar på førehand på Kiwi Hagafoss og Hol sparebank på Geilo................








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS