Osteproduksjon i Hol?
Jarle Rueslåtten og Rakel Hodne vil starte opp med produksjon av ost.
Dei to driv garden Rueslåtten i Hol og har blant anna teke spesielt vare på eldre kyrasar som Telemarkskua og heldt dei i produksjon. På Ålutstillinga vart dei heidra som eigar av beste Telemarkskua. No har dei lyst til å satse på osteproduksjon og har sett seg inn i dette gjennom kurs på Sogn jord- og hagebruksskole og Pascal Baudonnel, ein guru innan produksjon av ost, vil følge opp som rettleiar.
Jordbrukssjefen i Hol, Sigurd Dahle stiller seg svært positiv til satsinga som har vurderer til ikkje å koma i konkurranse med noko anna liknande produksjon i kommunen. Ingen andre i kommunenn lagar ost utan koking gjennom året heime på garden, og jordbruksjefen tilrår Innovasjon Norge å støtte prosjektet.











