Satsar nesten 8 millionar på matproduksjon.
Økogarden Hemsedal DA vil satse sterkt på produksjon av mat frå eiga mjølk med noko attåt og søkjer Hemsedal kommune om 300 000 i tilskot.
![]() |
| Fjøset på Økogarden Hemsedal DA. Bilde frå Reime - Landteknikk |
Jeger Trøim, Jonny Gjestad, Ove Kirkebøen og Sverre Kirkebøen sette opp samdriftsfjøs i 2004, men no vil dei vidare. AV kvoten på 550 000 liter mjølk vil dei produsere ostar, og Synnøve Finden er villig til å stå for salet av produkta.
I tillegg til osteproduksjonen vil det bli satsa på besøksgard, gardsmatutsal, serverings- og kurslokale og kulturstugu i eige frittståande bygg. Dei vil samarbeide med andre aktørar innan lokal matforedling som Tamt og Vilt as og Himmelspannet ysteri. Konkurrentane til Økogarden sine produkt er fullt og heilt utanlandske ostar.
Rådmannen har tru på prosjektet og rår til å gå inn med det omsøkte tilskotet på 300 000 kr.












