Ja til Hallingdal kommune.
Ikkje sikkert at alle tenkte over det då vedtaket vart gjort, men realiteten er at Gol kommunestyre no har sagt at dei vil ha Hallingdal kommune - utan debatt om saka!
Ikkje sikkert at alle tenkte over det då vedtaket vart gjort, men realiteten er at Gol kommunestyre no har sagt at dei vil ha Hallingdal kommune - utan debatt om saka!
I saka om kommunesamanslåing Gol - Hemsedal hadde ordføraren i siste punkt teke med at det å slå saman Gol og Hemsedal som då Gol vil, er å sjå på som fyrste steget mot Hallingdal kommune! Ingen nemnde eitt ord om dette i debatten som kommunesamanslåing Gol - Hemsedal - det vart berre slukt rått. Heller ingen andre kommunestyre i dalen har debattert saka, men no er beskjeden sendt til departementet ved Erna Solberg at i alle fall Gol kommune vil ha ein Hallingdal kommune.... Då kjem vel kverna til å mala noko raskare mot dette målet enn den ellers ville gjort kanskje......... men kven i Hallingdal har gitt Gol kommunestyre fullmakt til å meine noko om ein kommune i Hallingdal no????










