Alle planer på Geilo stoppa.

Ein etter ein er planer for utbygging i Geilo sentrum no stoppa anten av Statens vegvesen eller Fylkesmannens miljøvernavdeling.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 20.07.2007 21:48

Ein etter ein er planer for utbygging i Geilo sentrum no stoppa anten av Statens vegvesen eller Fylkesmannens miljøvernavdeling.

Frå tidlegare er utbygging av Texacotomta stoppa på grunn av støyproblematikken, det same er utbygginga av Geilo handelslag. Geilo hotell sine planer er stoppa og no er det også stopp for utbygginga den såkalla Telegraftomta.
Miljøvernavdelinga har fått tilsendt ny støyrapport, men får ikkje sett på den før 30. juli og dersom dei ikkje får forlenga frist, opprettheldt dei innsigelsen sin mot planene. Statens vegvesen har 7 innsigelsespunkt til planen og vil ha planen til ny uttale før kommunenn kan godkjenne den.
Vegvesenet forlangar blant anna
- dokumentasjon av støyforholda no og ikkje i seinare planer
- dei planlagte underjordiske garasjane vil koma under nivået for riksvegen og derfor må det dokumentarast nærare dei tiltaka som mågjerast i forhold til vegen ved bygging av desse garasjane.
- Vegvesenet krev eksisterande avkjøring til rv 7 stengt før noko skjer i området. Det gjeld avkjøring nedanfor MEGA bygget.
- planlagt fortau blir nekta, vegvesenet forlangar gangveg med rabatt.
- det er for svake krav til frisiktsoner
- Vesleslåttavegen må senkast før noko meir kan skje i området.
I tillegg krev vegvesenet av planen må utvidast til å gjelde andre endringar som dei har peikt på i tidlegare uttaler.

Med dette er alle større utbyggingar i Geilo sentrum stoppa av statlege styresmakter og før noko kjem i gang, må det forhandlast om dei krava som er sett og nye planer må utarbeidast og behandlast. Kanskje det ikkje kjem i gang eit einaste tiltak i Geilo sentrum i år heller??????








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS