Sikta for valdtekt mot ei annan kvinne.
Den pågripne etter dødsfallet på Geilo natt til laurdag er no sikta for valdtekt av ei annan kvinne i same husværet.
Lensmann Torstein Seim seier til RH laurdag ettermiddag at ei annan kvinne i husværet
har meldt om at ho vart valdteken av den personen som no er mistenkt i samband med dødsfallet. Derfor er siktelsen så langt vinkla mot denne valdtekten. Den døde blir sendt til obduksjon så snart råd for å om mogleg koma dødsårsaka nærare. Den førebelse siktelsen vil då moglegvis bli utvida.
Lensmann Torstein Seim
Politiet vart ringt opp seint i natt i samband med husbråk i ein betjeningsbustad ved Bardøla høgfjellshotell. Når politiet kom fram, fann dei den døde kvinna og den mistenkte personen på eit av soveromma i bustaden. Så langt politiet kjenner til, var det ikkje noko forhold mellom den døde og den som er til avhør i saka. Dei er begge frå Estland, og mannen hadde arbeid ein annan stad i Hallingdal og kom til Geilo i går. Den døde arbeidde på Bardøla høgfjellshotell der ho hadde arbeidd om lag 2 månader.

Nye Kripos er på åstaden med 4 mann og i tillegg er ein ekspert på fingeravtrykk på åstaden som no blir undersøkt for sikring av spor.
Kripos kjem til åstaden.
Kripos sikrar spor.











