Kongens gull til Nils Ellingsgard

Ein overrumpla Nils Ellingsgard vart onsdag kveld tildelt Kongens fortenestemedalje i gull
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 24.05.2006 23:26

Ein overrumpla Nils Ellingsgard vart onsdag kveld tildelt Kongens fortenestemedalje i gull

Tilstellinga var i Neschmuseet på Ål kulturhus der ein av forslagsstillarane,, Paul Breiehagen hadde bede Nils inn på vennefest. Under denne vennefesten der også rådmann og formannskap var bedne inn, vart Nils Ellingsgard tildelt Kongens gull for sin innsats som forskar og utøvande kunstnar.

Forslagsstillar i tillegg til Paul Breiehagen var Osvald Medhus

Her er meir om Nils Ellingsgard henta frå søknaden som vart sendt til H M Kongen:


 Til H.M. Kong Harald,

Slottet,

Oslo.

Underteikna søkjer med dette om H.M.Kongens fortenestemedalje i gull til Nils Ellingsgard, Ål, for hans omfattande og store forskningarbeid omkring norsk bondekunst her i landet, og i USA. Han har i denne sammenheng forska på norsk rosemåling i over 30 år. Han har gjeve ut 4 bøker om dette frå norske dalføre, ei bok om norsk rosemåling, den kom ogso ut på engelsk, og seinare, noko omarbeidd, til ei praktutgåve, ei bok om norsk rosemåling i USA.

Etter over tretti års forsking er han landets fremste kjennar på dette området

Dessutan har han forska på biletkunstnarar som har vore i Hallingdal, frå den fyrste med Johannes Flintoe, (1818), fram til grafikaren Rolf Nesch, og dertil om dalens eigne kunstmålarar. Det vart eit praktfull bok i 1984.

Sjølv er han ein av landets fremste rose- og dekorasjonskunstnarar.
I mange år hadde han atelier i Oslo og dreiv både med dekormåling og restaurering, særleg avdekking av overmåla, antikk rosemåling.
Dit kom gamle rosemåla ting frå alle kantar av landet.

Nils Ellingsgard, f.1928, er frå Vats i Ål. Alt tidleg synte han tame med blyant og pensel. Mor hans var dotter til den kjende rosemålaren Nils O.Moen. Nils kom ikkje i lære hjå han, men han var hjå han som gutunge og fekk prøve seg med penselen. Dette var inntrykk som feste seg.

Det var teikning og måleri som stod hugen hans nærast.

For å få utdaning, og få seg arbeid, reiste Ellingsgard til Oslo tidleg i 1950 åra. Der gjekk han m.a. på Bjarne Engebrets malerskole, og på fleire kveldskurs. Elles kom han i kontakt med andre kunstnarar, so som Tormod Sjåmo, Th.H.Lie-Jørgensen og Kristian Kildal, der han saug til seg viten om farge- og harmonilære.

Men interessa for rosemåling vart eigentleg vekt under besøk på folkemuseet på Bygdøy, som det viktigaste, der han kunne studere dei gamle meistrane.

På museet vart han meir og meir "husvarm". Ein vinter sat han i magasina og skreiv ned det han viste om kvar tingen.
Han vart seinare konsulent for museet.

I mange år hadde han atelier i Oslo og dreiv både med dekormåling og restaurering, særleg avdekking av overmåla, antikk rosemåling.Dit kom gamle rosemåla ting frå alle kantar av landet.



Ellingsgard har ingen fagutdaning i kunsthistorie, men ein må bli imponert over hans kunnskapar ogso på dette området. Han har halde eit utal av foredrag omkring dette emnet. Han rettleier skjønsamt om korleis rosemålinga stilmessig har utvikla seg i forhold til annan kunst og korleis den vart oppfatta og brukt av amatørar utover på bygdene. Dei fleste hadde ikkje råd til å kjøpe noko, ville dei ha litt farge i tilveret måtte dei skapa det sjølve

Slik tok det til.

Etter initiativ og leiing av ordførar Osvald Medhus, Hol, fekk Hallingdal i 1973, som den fyrste i landet, ei regionplan. I dette arbeidet tok han òg opp spørsmålet om ei kulturplan for dalen, og det vart vald ei nemnd til å arbeide med dette. Den kom med ei innstilling 1972. med m.a. framlegg om ein bokserie om den gamle folkekulturen i Hallingdal.
Journalist Paul Breiehagen, Ål, var sekretær i denne nemnda.

Boka om rosemålinga låg fyrst i løypa.

Me såg snart at Nils Ellingsgard måtte vera mannen. Og han vart spurd. Men han var slett ikkje huga på dette. Likevel, etter ein del overtalingar, og etter at han vart oppmuntra av fylkeskonservator Randi Asker, gav han etter. I 1974 reiste han rundt dalen, frå gard til gard. Han måtte stadig reise over til Vestlandet. Det var ei tid overproduksjon av rosemålarar i Hallingdal og dei søkte vestover etter arbeid. Nokon slo seg til der for godt.
Dette var ei spennande jakt på rosemålarar, Det vart reine detektivarbeidet.

Det fanst enno ei mengd rosemåla ting av ymse slag, og nokon interiør, men målarane signerte oftast ikkje arbeida sine, men Ellingsgards fann etter kvart fram til dei fleste.

Dette vart opptakten til det store forskararbeidet og forfattarskapen til Ellingsgard.

Rosemålinga av hallingar.

I 1978, etter 4 års arbeid, kom boka: "Rosemåling i Hallingdal", på Dreyer forlag.

Og han fotograferte. Dette materialet, bortimot 2000 bilete, vart tileigna Hallingdal Folkemuseum, Drammens Museum og Norsk Folkemuseum.

Boka vart utgjeven av riksantikvaren, med økonomisk stønad frå kommunane i Hallingdal, frå Norsk Kulturåd og Norske minnesmerkers Fond. Dette understrekar den status boka fekk.

Og boka fekk stor omtale og ros i landets aviser. Me har for oss det som vart skrive i Bergens Tidende, (12.aug.1978) der Gerhard Garatun Tjeldsø poengterar m.a.: "No er endeleg-med dette praktverket av Nils Ellingsgard, soga om rosemålarane og rosemåling i Hallingdal samla og fortald, ei velordna og velforma og innhaldsrik soge, lett å lesa og emnet verdig...Det kjem godt fram at han fortel om noko han forstår seg på. Dessutan har han stilsans og språksans, so det var ei lyst å fylgja han frå bokside til bokside, endå so grundig han går fram..."

Og som eit døme på kor grundig Ellingsgard har arbeidt, kan nemnast at han fekk teknisk konservator Erling Skaug ved Norsk Folkemuseum å gjera pigmentanalysar som grunnlag for ei omtale av fargebruken. Det var fyrste gongen dette vart gjort på bygdedekorasjonar.


Og boka vart snart "hallinganes bibel" om rosemåling, og ho vart ivrig studert ogso for å finne ut kven som hadde måla dekorerte ting som enno fanst att. Neppe om interessa for rosemåling hadde vore større.
Boka vart snart utseld.

Utanom Øystein Vesaas trekbindsverk om rosemåling i Telemark, var det ingen andre lokale område som hadde slike oversyn.

Samen med konservator Nils Georg Brekke ved museet i Bergen, kom "Rosemåling i Vest-Agder" i 1985, utgjevar Vest-Agder Fylkesmuseum.
Deretter "Rosemåling i Valdres" i 1987.
Og i 2002, "Rosemåling i Numedal", på Damm Forlag, i
samarbeid med konservator Gry Charlotte Ljøterud Andersen ved Lågdalsmuseet. Ho skreiv om kyrkjemålinga i dalen, og bygdemålinga i Flesberg og Rollag.

Norsk rosemåling. 

I 1979 fekk han i oppdrag av Samlaget, ved Olav Vesaas, som då var forlagssjef, om å skrive bok om Norsk Rosemåling.

Ellingsgard minner om at i den klassiske rosemålarperioden var dette det einaste av farga dekorasjonar som folk på bygdene hadde. Då me fekk den politiske frigjeringa i 1814 var landet utan tradisjon i biletkunsten. Etterkvart slong det eit og anna bilete av embetsfolk, kongar, o.s.v., som omreisande "kontrafeiarar" (portrettmålarar) hadde laga.

Me kan vel neppe forestille oss i dag koss det var utan eit måleri på veggen.

Men på 1700 fekk etterkvart ein del gleda av fargar i tak, på vegger og dører, som lokale rosemålarar trylla fram.



I 1981 kom: "Norsk Rosemåling" med 260 sider, rikt illustrert. Den vart so godt mottatt at Samlaget kom med ei ny utgåve i 1987, revidert i samsvar med ny kunnskap, og med fleire fargefoto.

Denne boka kom ogso i ei engelsk utgåve, serleg med sikte på det "Det Norske Amerika".

Men ettersom Ellingsgard forska kom stadig nye kunnskapar til, og ei større bok om norsk rosemåling tok form. Den kom i 1999, ogso på Samlaget. Det var ei praktutgåve i stort format på 340 sider og ei mengd illustrasjonar, alle i fargar.

Takka vera ei sterk sponsing, både frå Norsk Kulturfond, kunsthandlarar, og private samlarar, let det seg gjera å finansiere dette store bokverket, slik at boka ogso av prisomsyn kunne bli salbar.

Ogso denne boka vart godt mottatt med rosande omtale i dei største aviser. Dagbladet t.d. kom med ei heilside av sin kunstkritikar Harald Floor, med desse overskriftene over heile sida: "Den norske rosemalingstradisjon fra 1700-1850 er en fargerik flora, som utviklet seg fra kontinentale røtter og ble dyrket til regionale arter på bygdene"
Og med store typer: "Rik kavalkade over norsk tradisjonskunst.".

I artikkelen slær Floor fast at: "Statsstipendiat Nils Ellingsgard har nå gjort en grundig botanisering av dette mangfoldet ...".

Mykje bondekunst kom til Amerika.

Ellingsgard vart i 1969 innvitert til å koma til USA for å halde kurs i rosemåling på Vesterheim museumn, det Norsk/Amerikanske museum i Decorah, Iowa. Direktøren då var Dr. Marion Nelson, professor i kunsthistorie ved University of Minnesota. Ellingsgard var overraska over interessa for dagens levande folkekunst der burte, og at den vart tatt so seriøst heilt oppe på universitetsnivå.

Det var stor interesse for rosemåling, og det vart kurs på kurs. Og mange av elevane vart teknisk gode.

Han hadde ogso dekorasjonsoppdrag der, t.d. ein vegg på eit museum i Seattle.

Det vart etter kvart 25 turar til USA.

Men dermed låg det i løypa at han måtte skrive om rosemåling som emigrantane hadde tatt med seg. Tusenvis brukte slektskister til å pakke ned det dei måtte ha med seg. I tillegg tok dei med seg bollar, tiner, tankarar o.s.v. som ofte var rosemåla.

Det var ei dramatisk tid både for dei som reiste og for dei som vart att. Dei som reiste ville vel òg ha noko som minte dei om heimen deira, og heimbygda, som dei kanskje alder fekk sjå att.

Ellingsgard vart ein kjendis på Vesterheim museum i Decorah.

Der er samla "gamalt" frå det norske Amerika, og her er utstilt og magasinert tusentals ting.
Men for å få eit ynskjeleg stoffgrunnlag til boka reiste ogso han mykje rundt i det store landet. Dette vart både ei spennande og stor oppgåve.

Og i 1993 kom so boka: "Norwegian Rose Painting in America" på Scandinavian University Press. (Universitetsforlaget).
Den er berre på engelsk. Men Nils vonar at det òg kan koma ei utgave av boka på norsk.

Hallingdal i biletkunsten.


I 1984, midt i rosemålarbokarbeidet, kom boka "Hallingdal i biletkunsten", etter opptak av formannen i det permanente kulturutvalet for Hallingdal, Halvor Lindahl.

Temaet i denne boka er etter måten lite kjent, mindre enn ein kanskje kunne vente, skriv Ellingsgard i fororda. Hallingdal har ikkje spelt den same rolle i norsk målarkunst, som t.d. Telemark, men ei lang rekke målarar, norske og utanlandske, kjende og mindre kjende, har vore, og har funne motiv i Hallingdalsbygdene, heilt frå nasjonalromantikken til våre dagar.

Det var dansken Johannes Flintoe, 1786-1870, som la grunnlaget for ei sjølvstendig norsk målarkunst. Han skrangla seg oppover Hallingdal i ei kjerre fyrste gongen i 1818, og laga m.a. dramatiske teikningar av turen.

Flintoe arbeidde for at landet skulle få sitt eige kunstakademi. Men det tok tid, og norske målarar som kom etterkvart, fekk si utdanning i utlandet.

Men då dei kom heimatt, var det nettopp bygdene dei ogso oppsøkte. Det var her dei meinte å finne den "norske folkesjela", det ekta norske. Og me fekk ei romantisk skildring av Bygde-Noreg.

Ellingsgard fylgjer oss framover i tida. Her finn me store namn som J.C.Dahl, Adolph Tidemand og Hans Gude, Joachim Frich, J.F.Eckersberg, og hans elevar, Eilif Petersen, o.s.v., berre for å nemne dei fyrste.

I ei spennande kavalde oppgjennom tida fylgjer Ellingsgard oss fram til våre dagar, der dei fleste stader i dalen har hatt besøk av tilreisande kunstnarar. Men frå på slutten av 1800 kjem ogso hallingar med i persongalleriet.

Boka, som kom på Det Norske Samlaget, er i stort format, 140 sider, omtalar tilsamen rundt 60 namn, med omlag 120 bilete, dei fleste i fargar.

Eit nytt praktverk frå "Den stilsikre og skriveglade hallingdølen...".

Sin eigen stil


Nils Ellingsgard måla mykje og utvikla ein oppdriven teknikk. Dertil kom han fram til si eigen roseforming og fekk sitt eige fargebruk, som er hans. Det er soleis ikkje vanskeleg å sea at: Ja, dette er Nils Ellingsgard! Og som nemnt, at "Han er ein av dei fremste dekorative målarar i landet...".


Teikning og måling med olje, eller vassfargar sysla han med frå han var smågut.

Men me kjenner han best for hans akvarellar. At han valde dette framfor oljemåling kom av at han fekk problem med avgassinga etter fleire år med restaureringsarbeidet og dekorasjonsmålinga. Han restaurerte kister, dekorerte nærare 40 tak, og måla ei mengd kister, dører og skåp. Han har ikkje tal på alt dette.

I landskapskunsten er han naturalist med duse og utsøkt fargespel. Dette gjekk rett i hjarterøtene på folk.

Den fyrste utstillinga av akvarellar hadde han i Amerika. Og det gjekk bra. I 1988 hadde han ei utstilling på Hallingdal Hotel, og i 1990 hadde han ei utstilling på Norsk Folkemuseum som han kalla "På folkekunstens grunn". Han har hatt ei utstilling til i Oslo på galleriet Albin Upp. Og stadig med rosande omtale.

På alle utstillingane vart bileta selde på opninga.

Men den største suksessen opplevde han vel likevel i heimbygda med utstilling i Ål Kulturhus i 1999. Folk stod i kø i god tid før opninga, og det var ei nær oppheta stemning til heile utstillinga var selt. Det tok berre 3-4 minuttar!

Å verta so anerkjendt i heimbygda var sjølvsagt det heilt store.

Med rot i gamle folkekunsttradisjonar laga han òg naive og sterkt stiliserte fantasibilete, som han har nytta mykje i dekorasjonar.

Han rakk ogso å laga mange oljemåleri. Kor mange akvarellar det har vorte har han ikkje tal pål. Alt er selt. I 1985 vart han statsstipendiat, og han fekk Hallingdals kulturstipend.

Osvald Medhus. Paul Breiehagen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS