Arne Næss den fyrste “Naturvenn“

Ei ny organisasjon er stifta for folk som syns naturen i seg sjølv har ein eigenverdi - ein verdi meir enn å vera noko for menneska.
Arkiv
Publisert : 06.07.2004 16:22
Den fyrste medlemmen i den nye organisasjonen er Arne Næss som har sitt heilt spesielle forhold til naturen. Begrepet naturvenn er inspirert av Arne Næss sitt liv som filosof, naturalist og miljøaktivist.
Den nye organisasjonen er ganske laust organisert. Den som kjøper eit merke, laga i tre av Fjellform på Geilo og med motiv teikna av Åsrunn Slåtten Vågan, er med i organisasjonen.
Merket kan du bestille på epost til ola@ovsk.no til 75 kr pr stk og dermed er du livsvarig medlem.







Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS