CD med Odd Bakkerud klar.
Endeleg vil nok mange feleentusiastar seie. No er den klar, CD en med godt 40 låttar spelt av meisterspelemannen Odd Bakkerud.
![]() |
| Odd Bakkerud. Foto: NRK |
Odd Bakkerud vil bli ståande som ein av dei største spelemennene i forrige århundre meiner mange. Han hadde eit musikalsk uttrykk ein teknikk og ei sceneframferd som gjorde han til ein svært populær folkemusikar som sette spor etter seg langt utanom det tradisjonelle folkemusikkmiljøet.
Harald Knudsen og Arne Anderdal har stått for prosjektet og utplukking av låtane på CDane.












