Hyttefolket restaurerer forfallen stølsbu
Her går arbeidet med liv og lyst! Foto: Rita Stavn

Hyttefolket restaurerer forfallen stølsbu

Hyttefolk kan meir enn å gå turar!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 26.06.2019 14:22
Sist oppdatert : 26.06.2019 14:49

På stølen Nedre Melset på Holsåsen har ei bu stått til forfalls i fleire år. No var forfallet kome så langt at noko måtte gjerast ellers ville den rasa saman. Ein hyttenabo så korleis forfallet auka månad for månad. Han hadde ein del erfaring med restaurering av eldre hus og tok kontakt med eigaren, laga ein prosjektplan, oppsøkte hyttenaboar på Holsåsen og fekk ja av mange nok til å dra i gang eit dugnadsprosjekt.

RH besøkte dei onsdag, og arbeidet gjekk med liv og lyst og berre etter tre dagar er dei komne godt i gang. Jon Tuveng frå Ringerike er mannen bak opplegget og arbeidsleiar, saman med han er det folk med brei kompentanse, alt frå kirurgar til direktørar. Felles for dei alle er arbeidslyst og gleden av å få dette til. 

Eigaren av bua, Torstein Seim er svært glad for denne hjelpa. Den restaurerte bua vil bli innreidd slik gamle stølsbuer var og kan nyttast etter avtale til mindrer samankomstar.

Meir i fredagsmagasinet








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS