Nervepirrande kvartfinale!
Flålaget: Signe Marie Wold, August Grimelid, Kajsa Reiersgård Solheim

Nervepirrande kvartfinale!

Kvartfinalen mellom Nedre Ål 2 og FLå tysdag kveld var minst like spennande som fotballkampen litt seinare på kvelden
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.03.2019 11:14
Sist oppdatert : 27.03.2019 11:20

Kort fortalt så følgde dei to laga kvarandre heilt i starten og litt utover. Så fekk Nedre Ål eit lite forsprang som dei også auka litt etterkvart, men det var aldri meir enn 3 poeng. Begge laga fekk eit halvt poeng for eit nesten rett svar, og heilt mot slutten såg det ut for at det halve poenget skulle avgjera det heile. Så skjedde det at Ål gjorde feil på litt av dei siste spørsmåla og dermed vart det Flå som gjekk vidare til semifinalen. med 37,5 mot Ål 35 poeng. 

Vil du høyre programmet så slå på RH kl 1500 onsdag då går det i reprise








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS